Plastberget vokser og vokser

Søppelplukking i Siem Reap

Her om dagen var eg og mamma så heldige å bli invitert av Katrine Solhaug, som eiger og driver Babel guesthouse, med på søppelplukking her i Siem Reap. Dette arrangementet var eigentleg for folkehøgskulen, men vi fekk vere med. Aller fyrst fekk vi ein liten presentasjon om både Babel og problemet med alt søppelet rundt om i dei asiatiske landa. Etter dette blei vi kjørt med tuktuk til den fattigaste delen av byen. Da vi kjørte innover fekk vi nesten sjokk. Vi visste at problemet var stort, men ikkje at det var så stort. Ein av grunnane til at søppelet bare fløyt rundt der, var at på kvar side av landsbyen var det rismarker. I regntida er desse markene flylte opp med vatn, og da «forsvinner» alt søppelet av syne. Slik at når regntida da er over kommer det masse opp igjen og det føles nyttesløst for dei stakkars fattige innbyggerne å rydde opp på nytt. Derfor har folket gitt opp! Pluss at det ikkje er noko god søppelordning, ihvartfall ikkje som dei veit om! Det er altså ingen plass å levere søpla. Den aller største grunnen er rett og slett at dei ikkje veit noko om dette, ingen har nokon gong lært dei at dei ikkje skal kaste søppel i naturen… Nokon brenner litt av søppelet, men det er heller ikkje bra. Derfor tok Katrine oss med hit for både å rydde søppel, og å kanskje lære folka som bur der at det går an. Da me kom fram kikka folka som budde der ganske rart på oss, men straks vi hadde starta å plukke søppel kom ungane og ville hjelpe til! Etter ein time hadde vi nesten plukka 250kg!! Sølv om vi plukka mykje er det MYKJE meir igjen. Arbeidet var eigentleg ganske deprimerande, for plukka du ein pose, kom det opp ein ny, og slik fortsatte det. Dette var midt på dagen og veldig varmt, likevel trur eg nesten alle kunne ha fortsatt ein time til! Vi skulle eigentleg få vere med å sortere søpla å lære om kor det blei sendt videre og kva det kunne brukast te. Men eg hadde ganske vondt i huet av varmen, da eg hadde ligge inne med feber dagen føre, og vi fant derfor ut at det var bedre å fortsette dagen ved bassenget. Heile denne opplevelsen var alt i alt veldig lærerik, og dette blei både ein naturfags- og samfunnsfag time. Eg er veldig glad for at vi fikk muligheten av Katrine å bli med!

Heile gjengen som var med👍🏼
Før-bilde av ein liten hageflekk😥🤔
Etter-bilde, mykje finare👍🏼☺️
250kg søppel kjørast bort.

2 kommentarer om “Plastberget vokser og vokser

Legg igjen en kommentar

Design a site like this with WordPress.com
Sett i gang